Tre moderne feriehus, heilt i sjøkanten ved Sognefjorden.

Untitled-1.png

Her vil du oppleve fred og ro i eit vakkert kulturlandskap som inneheld alt frå fjøre og sjå til skog og store fjellvidder.
Her kan du fiske ute på sjøen, gå turar i terrenget eller ta deg ein sykkeltur langs landeveien. 
Alle husa har Internett, Sat-Tv og vannbåren golvvarme i tillegg til kjøl/frys, vaskemaskin, oppvaskmaskin, komfyr og microbølgeovn.
Dei to største husa har eigen Sauna. 
Feriehusa ligg i ein avstand av 110 km frå Bergen. 4 km frå Oppedal fergekai og 17 km frå Brekke, der du finn bank post og butikkar.

Kontakt oss for booking.

 

Feriehus

Tre moderne feriehus, godt utrusta og med høg standard, heilt i sjøkanten ved Sognefjorden. Her vil du oppleve fred og ro i eit vakkert kulturlandskap.

Båter

Ved å utnytte vår marina med kai og flytebrygger, samt seks sjøsterke båtar som vi har til utleige kan du nye dagen, fiske på sjøen eller ta båten for ein tur.

Fiske

Mange store fiskar ligg på lur i den djupe Sognefjorden. Er du flink og heldig er det godt mogeleg å overliste sjølv den største av dei.
 

Fantastiske fiskeforhold i Sognefjorden

Ytre del av Sognefjorden er eit svært fiskerikt område.
Mest vanlege fiskearter her er sei, torsk, lyr og hyse i tillegg til lange og brosme.
I april og mai er det gode forhold for fiske av storsei.
Er du flink og heldig er det godt mogeleg å overliste sjølv den største av dei.
Er du særdeles heldig kan du også få sjølvaste storkveita på kroken.

Om sommaren er det rikeleg med makrell i fjorden og fersk makrell på grillen er super sommarmat.
Vi gjer deg gjerne råd og vink før du legg ut på fisketuren for at du skal få den beste opplevelsen.

I båthuset er der sløyebenk med rennande vatn og stor fryseboks til kvar eining.
Dette gjer det enkelt for deg å ta vare på fangsten på ein trygg og enkel måte.

Les meir om fiske og båtutleige.