Fantastiske fiskeforhold i Sognefjorden

  • Registrert turistfiskebedrift, nr: 970 568 956

Då vi er ei registrert turistfiskebedrift, kan du ta med deg 20 kg.fisk / person.

Ytre del av Sognefjorden er eit svært fiskerikt område.
Mest vanlege fiskearter her er sei, torsk, lyr og hyse i tillegg til lange og brosme.
I april og mai er det gode forhold for fiske av storsei.
Er du flink og heldig er det godt mogeleg å overliste sjølv den største av dei.
Er du særdeles heldig kan du også få sjølvaste storkveita på kroken.

Om sommaren er det rikeleg med makrell i fjorden og fersk makrell på grillen er super sommarmat.
Vi gjer deg gjerne råd og vink før du legg ut på fisketuren for at du skal få den beste opplevelsen.

I båthuset er der sløyebenk med rennande vatn og stor fryseboks til kvar eining.
Dette gjer det enkelt for deg å ta vare på fangsten på ein trygg og god måte.